Tida går fort når ein har det kjekt!

Etter forrige innlegg her på bloggen har vi rukke og spelt treningskamp mot Koll, (tap i alle sett, men mykje god trening i til dels uvante posisjonar) slått Tromsø 3-0 (Mona fekk prøve seg i uvant posisjon på diagonalen), trent ball og styrke på mandag og arrangert mesterskap for vidaregåande skular (MVGS) i Bjørnholthallen og på Stovner i går! Tida går med andre ord fort når ein spelar i Oslo Volley!

Laurdag er det som alle veit kvartfinale mot BSI i Oppsal Arena. Den mykje omdiskuterte kampen skal spelast kl.15.00 og vi håper at mange vil ta turen for å heie på oss! Vi treng støtta etter å blitt stempla som protestklubb nr.1 av iallefall halve volleyball-Norge. Det synes vi er litt rart og ikkje så veldig kjekt, når vi berre gjorde det alle lag ville ha gjort: å protestere på ei feiltolking av reglane. Det er opp til forbundet å vurdere protest og dommarrapportar, før dei bestemmer seg for kva som vil skje. Til slutt blei det altså omkamp. Ikkje fordi det var OSLO VOLLEY som protesterte (slik nokre hevdar), men fordi det var blitt gjort ein klar feil av dommaren.

Kampen skal iallefall spelast på nytt, og vinnaren møter Blindheim i semifinalen.

MØT OPP I OPPSAL ARENA LAURDAG KL.15.00!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

oslovolley

oslovolley

10, Oslo

Kategorier

Arkiv

hits